I går var eg på jobbintervju. Eg skrøyte på meg at eg likar skjema og tykkjer det er spanande å fylle ut sjølvmeldingar, for eksempel. Visste du at det i sjølvmeldinga for næringsdrivande er ein rubrikk kor ein skal krysse av om ein i 2011 har eigd eit kraftverk? Verken eg eller intervjuaren veit kor vanleg det er å skaffe seg kraftverk når ein begynner for seg sjølv.
Dette året er fyrste gong eg ser Min si sjølvmelding, og no er eg litt i tvil om eg likar skjema så godt som eg påstod i går. Eg sit i godstolen med ein kopp kaffi og sjokolade, Min høyrer på musikk og les Fake Science og ler høgt innimellom. Eg rullar med auga og les om næringsoppgåve, RF-1224, fordeling av næringsinntekt og personinntekt. Er dette verkeleg noko eg likar å fylle fredagskveldane mine med?
Jobbintervjuet gjekk greit nok, men eg trur det skin gjennom at eg ikkje likar å alltid kle meg fint og kjøre staselege bilar. Eg kan tenkje meg ein jobb eg kan sykle til, eg vil gjerne ha same lønna som no og sleppe å handtere ufordragelege sjølvopptatte tenåringar. Om eg kan få ein kontorjobb, kan eg saktens setje meg inn i all verdens skjemaer. Eg vil gjerne vere god på noko og kjenne at eg får det til.
Sjølvmelding som til meg sjølv: Gjer ferdig Min sitt papirarbeid, søk etter jobbar og skriv dei forbaska søknadane. No har eg ei veke påskeferie. Gjer noko anna enn å syte.
No comments:
Post a Comment