Eg er aleine heime, pulsen min steig raskt og augo utvida seg. Kva er det som skjer? Kven er det som dreg meg bakover? Så kom eg på den einaste logiske slutningen, og eg sa: "Hei Magnus". Katten Magnus hadde hoppa opp på rygglenet for å vere nærmare meg. No ligg han her og mel og sukkar så søtt.
Der blei det stille. Katten søv no oppå rygglenet.
No høyrer eg berre kranen på kjøkkenet som dryp og lydane frå facebook som fortel meg at venninna mi vil møte meg mondag i påskeveka.
Katten vrir seg og blundar med augo. No støtter han seg mot hovudet mitt for å halde seg på rygglenet. Han mel igjen heilt nære øyret mitt. Eg kjenner meg roleg.
No comments:
Post a Comment